Partnerklubbsamarbeid – handball

Handballgruppa har inngått partnerklubbsamarbeid med Nordnes IL som spelar i 2. divisjon.For å betre tilbodet og gjere det mulig for spelarane våre til å utvikle seg vidare har vi inngått parnteskapsavtale med Nordnes IL som spelar i 2. divisjon. Intensjonen med avtalen er at spelarar frå Dale som skal til Bergen for å studere, skal ha muligheit for å utvikle seg som spelarar og tilpasse seg eit høgare nivå samtidig som dei kan spele på Dale IL inntil dei har etablert seg som gode og stabile 2. divisjonsspelarar.