POENGTAP MOT BOTNLAGET I ELENDIG KAMP

Vi leverte ei pinleg svak førestilling og måtte nøye oss med 1-1 mot botnlaget Lærdal på bortebane på søndag. Tommy Holm gav oss leiinga mot slutten av 1.omg, men eit hardtkjempande Lærdal-lag fekk ei fortent utlikning knappe 10 min. før slutt.No har vi gjort det uhyre vanskeleg for oss sjølv og må truleg vinne minst to av dei tre siste kampane for å overleve i divisjonen. Førstkommande fredag møter vi tabellnabo Balestrand på Dingemoen og her er absolutt ingenting anna enn tre poeng godt nok.

Lagoppstilling:
Håkon Thuland, Martin Tonning, Idar Haugen Rochlenge, Runar Aune, Kim Frode Solheim, Eirik Systaddal, Einar Aase, Simen Stølen, Nicolai Macpherson, Tommy Holm, Jan-Anders T. Wichstrøm

På benken:
Christopher Skadal (for Simen i 46. min), Vegard Vesterås (for Nicolai i 71. min), Stian Neset (for Idar i 80, min), Vegar Kjos