POSTVEGRITTET 2011 Vel blåst!

Postvegrittet vart arrangert i Dale laurdag med 93 syklister til start. Arrangementet ser so langt ut til å ha vore vellukka.Etter å ha arrangert Postvegrittet som eit prøveritt i 2010, var vi svært spente på korleis vi ville levere årets arrangement med betydeleg fleire deltakarar. Sidan Postvegrittet også fekk status som seedingritt for Birkebeinerrittet har vi fått deltakarar frå store delar av Sør Noreg, dette sette krav til oss som arrangørar.

På tross av at vergudane ikkje var heilt på vår side, må arrangementet kunne seiast å vere ein suksess. Med unntak av eit par karar som sykla feil og ein som måtte på sjukehus med broten arm, så har dette gått bra. Tilbakemeldingane er i allefall at folk kjem attende neste år.

Vil rette ei stor takk til alle som har vore med og bidrege til arrangementet. Utan frivillig dugnadsinnsats ville ikkje dette vore mogeleg å få til. Mellom 50 og 60 personar har idag vore i sving ved hallen og rundt om i løypa, takk til Dykk alle.

Takk og til alle Dykk som stod ute i løypa og heia på syklistane. De gjer dette til ei triveleg oppleving, håper De står der også neste år. Ta gjerne med deg naboen og!