Postvegrittet 2012 vel blåst

Årets Postvegritt vart arrangert i Dale laurdag med 85 syklistar på startstreken. Vinnar vart Erik Nordstoga frå Mosjøen, medan vår eigen Hege Vagstad vann dameklassen. Begge sette ny løyperekord.Årets ritt må seiast å ha vore ein ubetinga suksess. På tross av noko usikre meldingar, vart det under heile arrangementet opplett og til dels solskin, temperaturen var det heller ingentin å seie på. Før årets ritt hadde arrangøren i samarbeid med grunneigarane gjort ein del forbetringar i traseen samt at vi i år og hadde endra startordning. Dette har vi allereie fått mange positive tilbakemeldingar på, og Postvegrittet vil nok verte eit årleg arrangement i Dale.

I år arrangerte vi og for fyrste gong eit Barneritt,  arrangementet var for 1-7 klasse og hadde totalt 32 ungar på startstreken. Ungane sykla ei løype på 1,3 km nede på Steiebøen, dei minste sykla ei runde medan dei større måtte ta 2 og 3. Alle fekk sjølvsagt T-skjorte og drikkeflaske i premie slik som dei vaksne, og mykje skryt over kor flinke dei hadde vore.

Postvegrittet får mykje ros for stemninga langs løypa, spesielt i Flekke er De fantastisk flinke å stille opp og heie fram syklistane. Takk for denne støtta, og takk til alle De som har bidrege i år på ulike måtar, og gjort dette arrangementet til ei fin oppleving. Utan Dykk vert dette umogeleg.