Rekordrask scoring av Dale-jentene.

Jentelaget til Dale trengte 15 sekund på å score sesongens første mål. Ine Osland netta med ein markkrypar, den første av 9 nettkjenningar.

Dei to omgangane var særs ulike, der Kvammen heva seg utover kampen. Det stod 7-0 til heimelaget ved pause, medan det blei 2-2 i andre omgang. Til tider gjekk ballen godt i laget, og det mangla ikkje på sjansar. Dale sine mål vart satt inn av Ine Osland (4), Lisa Lykkebø (2), Andrea Boge Solaas, Ingrid Hovland og Rebekka Ullebø. Eivor Flekke involverte seg mykje på kanten. Sandra Brattelid var solid i mål, med gode igangsettingar. Dei tre småjentene som fekk sin debut på jentelaget; Kristiane Haugen, Rebecca Øen og Andrea Boge Solaas, synte alle at dei har mykje å gje på dette nivået. Dommar Malin Vik var myndig og god.  Dale-jentene ser fram mot fortsettinga i bortekampen mot Bjørn.