Siger i sesongens første handballkampar

Damelaget (4.div) starta sesongen med ein solid borte- siger mot Stryn 27-16. J14 hadde besøk av Sandane og Eid og vant komfortabelt 15-6 og 19-9.J14 gjennomførte to greie kampar. Jentene sleit litt med å komme igang og 1. omgang i begge kampane bar preg av noko rufsete spel både i angrep og forsvar. Stillinga i første omgang var 6-4 mot Sandane og 9-6 mot Eid. 2. omgangane var betydeleg betre og spesielt forsvarsspelet i siste kampen var bra. Laget har potensiale utover det vi såg idag og det blir spanande å følgje dei vidare gjennom sesongen.

Med på laget var:
Astrid Solheim, Sara Eikevik Dyrstad, Tuva Garre Fivelsdal, Margrete Haugen Svardal, Ronja Helle, Marte Huseklepp, Åsta-Johanne Sætenes, Ota Garre Fivelsdal, Kjersti Hovland, Kjerstin B. Solås, Jeanette Øksenberg, Martine Håland.
Lagleiarar: Trude Boge og Ingrid Hovland 

Ola H.