SIGER MOT ÅRDAL I DRAMATISK KAMP

Det vart siger 3-2 mot Årdal på Dingemoen og dermed H i kamp nr. 11 på tippekupongen. Sigeren var fortent, men det vart dramatisk på slutten.

På førehand hadde tippebladet Tips spådd at Årdal var den klaraste favoritten på tippekupongen, og i starten av kampen såg det ut som dei skulle få rett. Årdal hadde eit litt overtak frå start av og skapte også eit par store sjansar.


Utover i omgangen kom vi stadig betre med spelemessig og hadde også nokre angrep som med litt meir presisjon fort kunne blitt farlege. Like før pause fekk vi corner som Martin Tonning la presist på hovudet til Erlend Osland som heada sikkert i mål. Dermed kunne vi gå til pause med leiing.


I 2. omgang satsa Årdal offensivt og det gav oss store rom. Alle rekna med at vi ville bli trykte bakover, men forsvaret stoppa dei fleste Årdal-angrepa greit. Framover skapte vi mange store sjansar på gode overgangar, og vi gjekk opp i både 2-0 og 3-0.


Det meste såg ut til å vere i boks, men med to kjappe reduseringar skapte ny spenning i kampen. Det vart hektisk i sluttminutta med Knut si matchvinnarreddning på Brandsdal si avslutning og Idar sin straffebom på overtid.


Heldigvis stod vi distansen ut og hindra Årdal store sjansar bortsett frå Brandsdal sin før nemnde sjanse.


Berre i overtidsminutta kunne vi fort ha laga fleire mål. Årdal si desperate jakt på utlikning gjorde at vi fekk enorme rom å boltre oss på, og det var berre heilt utruleg at ikkje vi greidde å punktere kampen.


All honnør til karane for ein godt gjennomført kamp både innsatsmessig og spelemessig. Dette var ein kraftig revansje frå den bedrøvelege Florø-kampen sist helg.


No ventar Jølster på torsdag før vi tek ferie. Med tre poeng i den kampen har vi lagt eit godt grunnlag for å greie målsetjinga om 6.plass denne sesongen.


Samstundes må vi på ingen måte tru at dette blir enkelt. Kampen i Florø viste korleis det går når ikkje innsatsen er til stades, så her må vi nok berre rekne med å slite for poenga.


Dagens Dale-spelar:    Vegard Dyrstad


Kampfakta, Firdaligaen


Dale – Årdal 3-2 (1-0)


Dingemoen stadion


165 tilskodarar


Mål:


1-0 44 min. Erlend Osland


2-0 63 min. Kristian Aase (str)


3-0 73 min. Einar Furset


3-1 80 min. Preben Strypet


3-2 84 min. Jonas Hestetun


Gule kort: Idar Haugen Rochlenge, Dale, Ørjan Stedje Ylvisåker og Ole Morten Jevnaker, Årdal


Raudt kort: Preben Strypet, Årdal (90 + 3 min)


Dommar; Rolf Kåre Almenning, Florø


Lagoppstilling:


Knut Strand Løseth, Geir Loneland, Anders Furset, Erlend Osland, Eirik Svorstøl, Kees Erstad, Eirik Systaddal, Martin Tonning, Vegard Dyrstad, Kristian Aase, Einar Furset


På benken:


Aloman Ioan, Idar Haugen Rochlenge (for Kristian i 72. min), Alexander Myklebust (for Vegard Dyrstad i 81. min), Stian Neset (for Einar i 88. min), Einar Aase, Martin Myklebust