SIGER OG UAVGJORT FOR A-LAGET

A-laget har vore i Sogndal i helga og spelt treningskampar i Sognahallen. Fredag vart det siger 5-1 mot Sykkylven (4.div. Sunnmøre) og laurdag vart det uavgjort 1-1 mot Radøy/Manger (4.div. Hordaland).

Kort oppsummert vart dette ei vellukka helg. Mot Sykkylven var vi klart best og vann heilt fortent etter periodevis mykje godt spel. Mot Radøy/Manger laurdagen gjekk det noko tyngre og vi var vel litt heldige som sikra uavgjort i siste sekund. Samstundes skal ein vere klar over at vi i motsetnad til motstandarden hadde kamp i beina frå dagen før. Utfrå den føresetnaden spelte vi ein respektabel kamp.
På plussida nemner vi dei tre 96-modellane (Simen, Christopher og Henrik) som gjorde ein flott figur og fekk verdifull kamptrening i seniorsamanheng. Det einaste negative frå helga er Tommy sin skade mot Sykkylven fredag. I situasjonen der han skaffa oss straffe vart han desverre skada i kneet. Sikre svar får vi ikkje før kneet er undersøkt, men truleg er han ut av spel ei stund.

Dale – Sykkylven 5-1 (2-0)

Scoringar: Tommy Holm (2), Simen Stølen (2) og Vegard Dyrstad (str)

Lagoppstilling:
Tor Ivar Aase Dale, Kristian Ask, Alexander Myklebust, Eirik Svorstøl, Geir Loneland, Runar Aune, Kristoffer Rogne, Martin Tonning, Vegard Dyrstad, Kristian Aase, Tommy Holm

Innbyttarar:
Simen Stølen, Henrik Kummeneje, Christopher Skadal, Martin Myklebust, Ashab Muskadzjijev, Joakim Rakneberg, Jan-Anders Tonning Wichstrøm

Dale – Radøy/Manger 1-1 (0-1)

Scoring: Vegard Dyrstad

Lagoppstilling:
Tor Ivar Aase Dale, Martin Tonning, Alexander Myklebust, Eirik Svorstøl, Geir Loneland, Runar Aune, Kristoffer Rogne, Kristian Ask, Vegard Dyrstad, Kristian Aase, Simen Stølen

Innbyttarar:
Henrik Kummeneje, Christopher Skadal, Martin Myklebust, Ashab Muskadzjijev, Joakim Rakneberg, Jan-Anders Tonning Wichstrøm