Spinning i Fjalerhallen

Nytt treningstilbod.

Dale IL sykkel tilbyr no spinning med instruktør 3 timar i veka. Oppstart tysdag 1. februarSpinningtimar med instruktør. 

Dale IL Sykkel er kjempeglad for at vi no kan tilby spinningtimar med instruktør, i Fjalerhallen. Vi har fått med oss Stine og Kristine som arbeider som fysioterapeutar på Haugland og Bente frå Dale, alle tre med god spinningerfaring. Underteikna er også klar for å lose dykk gjennom fartsfylt trening. Musikk og trøkk skal drive deg fram og timane vil gå fort. Det lovar vi.

Vi har no 12 syklar som ventar på glade mosjonistar. Treningsforma passar for alle aldersgrupper og er ein ypperleg måte å komme iform på. Har du som mål og få fart på forbrenninga er dette supert. 

No er det berre å stille opp og vere aktiv. Oppforde alle som har lyst til å komme iform til å vere med. Treningsforma passar for alle aldrar og kjønn. Opplæring og rettleiing på alle timar der det er nye aktive med.

Riskoanalyse: Litt øm rumpe første 14 dg og du kan oppleve å komme iform. Du bestemmer din eigen intensitet, men faren for å verte riven med og presse seg litt er stor. 

Vi sjåast i Fjalerhallen : Førstemann til mølla

Tysdag kl 18.00 Intervall 60 min, Bente
Onsdag kl 19.00. Hard Rock 60 min, Kristin/Linda
Torsdag kl 19.30 Intervall 45 min, Stine

Dale IL Sykkel v/ Spinningkontakt
Linda Hovland mob  99 01 78 52