SPRAKK PÅ SLUTTEN MOT SERIELEIAREN

Det var kamp i over 70 min mot Tornado Måløy på Dingemoen, men då sa serieleiaren takk for følgjet og vann til slutt 6-2.

Denne kampen viste at vi har eit stykke igjen før vi kan matche topplaga i årets Firdaliga. Tornado Måløy stod fram som eit solid lag med gode enkeltspelarar og eit innarbeida spelemønster. Dei er det klart beste laget vi har møtt i år og det vil forundre stort om ikkje dette laget er på tabelltopp når Firdaligaen vert avslutta i midten av oktober.


Vi skal vere fornøgde med at vi gjer dei kamp til det er under 20 minutt igjen av kampen. Kampen låg og vippa heilt fram til 4-2, men då sprakk vi til gjengjeld totalt. Desverre stoppa det ikkje før på 6-2 og det er litt for mykje til at vi kan vere nøgde med prestasjonen.


Samstundes skal vi ta med oss at vi stod fram på ein heilt annan måte enn sist vi møtte eit topplag, mot Stryn. Då var vi sjanselause frå start til mål. I dag hang vi med resultatmessig og delvis spelemessig til langt ut i 2.omgang. Det viser at laget har tatt fleire steg i rett retning så langt i sesongen.


At vi i tillegg mangla både Eirik og Einar i dag på grunn av skadar gjorde heller ikkje utgangspunktet for kampen enklare, men det er sånt som vi må ta med oss.


No ventar ein uhyre viktig «6-poengskamp» i Florø neste søndag. Det er desse kampane som er utruleg viktig å vinne dersom vi skal halde plassen blant dei 6 beste.


Dagens Dale-spelar:   Kees Erstad


Kampfakta, Firdaligaen


Dale – Tornado Måløy 2-6 (1-2)


Dingemoen stadion


200 tilskodarar


Mål:


0-1 23 min. Joachim Raknes Forthun


0-2 27 min. Endre Kupen


1-2 37 min. Kristian Aase (str)


1-3 49 min. John Martin Gil


2-3 63 min. Frank Vik


2-4 72 min. Sveinung Frantzen


2-5 75 min. Sveinung Frantzen


2-6 78 min. Sveinung Frantzen


Gule kort: Frank Vik, Tor Ivar Aase Dale, Eirik Svorstøl, Dale, og John Martin Gil, Tornado Måløy


Dommar: Rolf Kåre Allmenning, Florø


Lagoppstilling:


Knut Strand Løseth, Geir Loneland, Idar Haugen Rochlenge, Erlend Osland, Eirik Svorstøl, Kees Erstad, Martin Tonning, Anders Furset, Vegard Dyrstad, Tor Ivar Aase Dale, Frank Vik’


På benken:


Aloman Ioan (for Knut i 53. min), Kristian Aase (for Idar i 29. min), Alexander Myklebust (for Anders i 69. min),, Jan-Anders Tonning Wichstrøm (for Frank i 80. min), Einar Aase (for Tor Ivar i 86. min), Stian Neset