STERK BORTESIGER FOR A-LAGET

A-laget fekk ein god start på haustsesongen då dei slo Veitastrond 3-2 borte tysdag kveld. Etter ein skuffande vårsesong får vi håpe denne sigeren ber bod om ein haust som kan gje den poengfangsten som skal til for å berge plassen i divisjonen.Det var ein fullt fortent siger mot normalt heimesterke Veitastrond på Leikvoll stadion. Kampen burde vore punktert tidleg, men i staden for fekk vi nokre spennande slutt minutt då Veitastrond reduserte på slutten.

Heldigvis holdt vi unna og kunne krone ein 400 km lang tur midt i veka med tre poeng.
No ventar topplaget Sandane på Dingemoen på søndag, og skal det bli poeng her må vi nok heve oss endå nokre hakk.

Frå Veitastrond-kampen er det elles verd å nemne superveteran Idar Haugen Rochlenge sitt comeback og at Einar Aase og Tommy Holm  endeleg var på bana igjen etter lang tids skadefråvær.

Kampfakta, 4.divisjon:

Veitastrond – Dale 2-3 (1-2)
Leikvoll stadion

Mål:
0-1   2 min. Einar Aase
1-1 38 min. Severin Rokne
1-2 39 min. Jan-Anders T. Wichstrøm
1-3 49 min. Martin Tonning
2-3 88 min. Richard Nes

Gule kort: Simen Stølen, Dale og to til Veitastrond

Dommar: Per Oddvar Lien, Høyang

Lagoppstilling:
Håkon Thuland, Christopher Skadal, Martin Tonning, Runar Aune, Kim Frode Solheim, Kristoffer Rogne, Idar Haugen Rochlenge, Einar Aase, SImen Stølen, Jan-Anders T. Wichstrøm, Frank Vik

På benken:
Tommy Holm (for Frank i 79. min), Geir Loneland (for Simen i 82. min), Vegard Vesterås (for Einar i 86. min)