STIAN AVGJORDE PÅ OVERTID

Spelande trenar Stian Neset sende Dingemoen-publikumet til himmels då han heada inn 3-2 mot Sandane på overtid. Dermed vart det tre viktige poeng i ein underhaldande og dramatisk kamp.

Med tanke på den ujamne og vanskelege Dingemoen-matta fortener begge lag honnør for å ha levert publikum særs god underhaldning.


Sigeren sat langt inne, men kampen sett under eit meiner vi den var fortent. I store deler av 2.omgang står vi fram som det klart beste laget.


1.omgang var jamnare med store sjansar til begge lag. Sandane sitt spisspar Ruben og Mads Wie var som venta ein trussel og er livsfarlege kvar gong dei nærmar seg motstandaren sitt mål.


Også i 2.omgang var dei farleg frampå ved eit par høve, men i denne omgangen vann vi likevel sjansestatistikken klart.


Reint spelemessig skal vi også vere fornøgde med store deler av denne kampen, og vi såg fleire teikn på at laget vårt har hatt ei flott utvikling sidan i fjor.


Difor var det berre rett og rimeleg at ein kjekk kveld på Dingemoen fekk den perfekte avslutninga med Stian si scoring på overtid.


Sjølvsagt synd for eit hardtkjempande og sympatisk Sandane-lag som bidrog med sitt til ein flott fotballkveld på Dingemoen, men viktig for oss som dermed fekk ei lita luke ned til laga på nedre halvdel av tabellen.


Sjå elles fyldig dekning av kampen på Sandane sine nettsider: www.stilfotball.no


Kampfakta, Firdaligaen


Dale – Sandane 3-2 (0-1)


Dingemoen stadion


180 tilskodarar


Mål:


0-1 18 min. Mads Wie


1-1 57 min. Tor Ivar Aase Dale


2-1 67 min. Vegard Dyrstad


2-2 75 min. Kjetil Myklebust


3-2 91 min Stian Neset


Gult kort: Tor Ivar Aase Dale, Dale


Dommar: Karl Inge Wolff, Hyllestad


Dagens Dale-spelar:    Vegard Dyrstad


Lagoppstilling:


Knut Strand Løseth, Geir Loneland, Idar Haugen Rochlenge, Erlend Osland, Eirik Svorstøl, Eirik Systaddal, Martin Tonning, Vegard Dyrstad, Frank Vik, Einar Furset, Tor Ivar Aase Dale


På benken:


Aloman Ioan, Kristian Aase (for Frank i 68. min), Stian Neset (for Einar i 77. min), Anders Furset (for Tor Ivar i 92. min), Tommy Holm, Vebjørn Samuelsen, Jan-Anders Tonning Wichstrøm, Alexander Myklebust