STORSIGER MOT AHIL

A-laget vann sin tredje av tre mulige treningskampar i år då dei knuste naborival AHIL heile 10-3 på kunstgraset i Askvoll onsdag kveld.
Stillinga ved pause var 4-3.1.omgang var rufsete defensivt, men framover var vi gode og kunne scora meir enn dei fire måla. Etter pause stengde vi bakover og held fram med å skape sjansar. Til slutt kom vi i tosifra og audmjuka dermed naboane våre skikkeleg.

Sjølv om vi skapte masse sjansar og vann stort, så er det ingen grunn til å ta av. Vi møtte eit svakt AHIL-lag og vil nok få testa oss mot langt betre mitstand allereie på laurdag. Då møter vi Krabbeotr til prestisjefullt "lokaloppgjer" på Hyllestad. Kampstart er kl. 16.

Målscorarar: Nicholai (3), Jostein (2), Jan.Anders (2), Sander (2), Kristian

Lagoppstilling:
HÅkon Thuland, Vegard Vesterås, Alexander Myklebust, Kim Frode Solheim, Martin Myklebust, Jostein Vagstad, Einar Aase, Martin Tonning, Sander Dyrstad, Nicholai Macpherson, Jan-Anders T. Wichstrøm

Innbyttarar:
Kristian Aase, Sindre Ulvik