STORSIGER MOT AHIL

A-laget slo AHIL 7-2 i torsdagens treningskamp på Hyllestad. Stillinga ved pause var 2-1.
Dermed er den siste treningskampen før sesongen gjennomført og vi er klar til seriestart mot Veitastrond på Dingemoen neste søndag.Sjølv om sigeren vart stor var det ikkje noko spesielt god generalprøve vi gjennomførte. 1.omgang var direkte svak, men etter pause heva vi oss nokre hakk og fekk vist at det var divisjonsskilnad på laga.

Målscorarar var: Jan-Anders T. Wichstrøm (3), Richard Skår, Joakim Rakneberg, Kennet Vik og eit sjølvmål.

Lagoppstilling:
Håkon Thuland, Vegar Kjos, Martin Tonning, Kim Frode Solheim, Christopher Skadal, Henrik Kummeneje, Jonas Døving Nordal, Richard Skår, Sander Dyrstad, Kennet Vik, Simen Stølen

Innbyttarar:
Vegard Ulvik, Jan-Anders T. Wichstrøm, Joakim Rakneberg, Vegard Vesterås, Tim Folkestad, Alexander Høie