STORSIGER MOT JØLSTER

Sjølv med eit beintøft kampprogram med 4 kampar på 11 dagar greidde vi å heve oss og kunne returnere frå Jølster med tre poeng og heile 6-1 i kofferten fredag kveld.Vi fekk ein dårleg start og måtte sjå Jølster gå i leiinga tidleg. Heldigvis kjempa vi oss inn igjen i kampen og kunne gå til pause med fortent 2-1 leiing.

Etter pause køyrde Jølster hardt ut og vi var ved fleire høve på gyngande grunn. Kampen stod og vippa fram til knapt halvegs ut i 2.omgang. Då auka vi til 3-1 og derifrå og ut var det ingen tvil om kvar sigeren skulle ende.

Kampfakta, 4.divisjon

Jølster – Dale 1-6 (1-2)
Skei stadion

Mål:
1-0 11 min. Stian Urheim
1-1 18 min. Jan Anders T. Wichstrøm
1-2 39 min. Richard Skår 
1-3 66 min. Ole Petter Mundal
1-4 83 min. Jan-Anders T. Wichstrøm (str)
1-5 86 min. Tommy Holm
1-6 93 min. Sjølvmål

Gult kort:Nickolai Skinlo, Jølster og Alexander Myklebust, Dale

Dommar: Frank Heggestad, Veitastrond

Lagoppstilling:
Håkon Thuland, Alexander Myklebust, Richard Skår, Martin Tonning, Geir Loneland, Kristoffer Rogne. Kees Erstad, Henrik Kummeneje, Einar Aase, Jan Anders T. Wichstrøm, Ole Petter Mundal

På benken:
Norodd Myklebust, Tommy Holm (for Einar i 62. min), Kristian Aase (for Alexander i 83. min), Vegar Kjos (for Geir i 87. min), Bendik Vik (for Henrik i 87. min)