STORSIGER TIL DAMELAGET

Det vart siger 8-1 for Dale-damene over Gaular fredag kveld. Kampen vart spelt på kunstgrasbana på Sande. Med full pott etter tre kampar, var det knytt stor spenning til om damene kunne halde fram med den fine trenden og det fine spelet slik at dei kunne gå inn i sumarpausen med full pott etter fire kampar..


Dale tok initiativ allereie frå første spark på ballen. Det var ikkje spelt meir enn snaue 5.min før den første Dale-scoringa for kvelden var eit faktum. Og for eit mål det var! Det heile starta med at Gaular hadde corner som dei ikkje tok godt nok vare på. Siri snappa ballen i eigen boks, slo den vidare til Vilde som slo den tilbake att til Siri som allereie var godt i gong på eit sugande løp. Siri tok med seg ballen heile vegen opp til Gaular sitt mål og fyrte av eit kanonskot som keeper måtte gje retur på, og der dukka storscoraren Aina opp og kunne enkelt setje ballen bak Gaular sin keeper til 0-1. Flott kontring av Dale-damene! Og det stoppa ikkje der. Dale scora både 0-2, 0-3 og 0-4 før Gaular kom til noko som kunne likne på ein sjanse like før pause, og den vart det scoring av. Dermed kunne Dale gå til ein velfortjent pause med 1-4 i bagasjen.


 


Andre omgang vart ei sjarmøretappe for Dale-damene. Måla rulla inn og då dommar Rolf Sande blåste i fløyta etter 90.min. stod det heile 1-8 i målprotokollen. Og dette var ikkje eit mål for mykje. Sanninga er at resultatet fort kunne ha vore mykje større for damene våre med litt meir presisjon på den siste tredelen og framfor mål.


 


Dale-damene kan no ta ferie på tabelltopp etter 4 spelte kampar og 12 poeng. Det som imponerte underteikna mest i denne kampen, var ikkje berre det flotte spelet og dei flotte enkeltprestasjonane, men òg at damene står fram som eit lag der kvar og ein jobbar for kvarandre og spring det «lille ekstra» slik at ein unngår dei unødvendige baklengsmåla. Ikkje minst syner innbytarane i denne kampen at det skal verte tøft for trenar Hugo Fretland å ta ut laget når haustsesongen byrjar etter ferien. Med ferie på tabelltopp og full pott skal det verkeleg gjere ilt for motstandarlaga å stoppe dette laget  frå å ta KM-tittelen når sesongen er over. Det er berre å glede seg til hausten!


 


Ekstra kjekt var det at Thea Nistad Sunde gjorde «comeback» i denne kampen pga at fleire av jentespelarane til Dale ikkje var tilgjengelege til denne kampen. Thea gjorde ein flott figur og sprang for minst to utpå der.


 


For Dale spelte: Sandra H. Brattelid, Siri T. Nordeide, Amalie Haugsbø, Malin Vik, Sandra Sørebø, Aina V. Heggøy, Vilde H. Løland, Isabel L. Iversen, Florence Hamper, Thea Nistad Sunde og Karina Hugøy.


 


Kampfakta, 4.divisjon kvinner:


Gaular – Dale 1-8 (1-4)


0-1, Aina V. Heggøy


0-2, Aina V. Heggøy


0-3, Malin Vik


0-4, Malin Vik


1-4, Gaular


1-5, Malin Vik


1-6, Sandra Sørebø


1-7, Malin Vik


1-8, Aina V. Heggøy