STORTAP MOT FLORØ 2

Med eit redusert mannskap hadde vi som venta lite å stille opp med mot topplaget Florø 2 i søndagens 4.divisjonskamp på Florø stadion. Heile 6-0 vann heimelaget etter 2-0 ved pause.No gjenstår kun ein kamp i årets sesong og vi møter Eid heime i ein kamp som er heilt avgjerande for bortelaget. Med siger blir dei seriemeister, medan poengtap kan medføre at Florø 2 går forbi. Dermed får vi nøkkelrolla i årets serieavslutning og slike kampar er det berre å gle seg til.
For vår eigen del endar vi mellom nr 7 og 9 på tabellen. Med siger er sjansane store for ein anstendig 7. plass. Uansett er årets mål om halde plassen nådd.