SURT POENGTAP MOT JØLSTER

Vi måtte nøye oss med 1-1 mot Jølster på Dingemoen fredag kveld i ein kamp vi burde vunne klart utfrå spel og sjansar.
I det kalde vårværet var det ingen stor kamp publikum vart vitne til. Likevel sitte vi igjen med ein følelse av at vi tapte to poeng mot eit ordinært Jølsterlag.Etter ein forholdsvis jamn 1.omgang var det etter vår meining skilnad på laga etter pause. Vi var både spelesmessig og sjansemessig best, sjølv om Jølster var nære på ved eit par høve.

På plussida får vi ta med at vi slepp motstandaren til med få sjansar og har jamnt over god kontroll defensivt. Offensivt er det ein del å gå på både når det gjeld samhandlinga mellom spelarane og og ikkje minst avslutningsferdigheitene.

Dagens Dale-spelar:    Eirik Systaddal

Kampfakta, 4.divisjon

Dale – Jølster 1-1 (0-0)
Dingemoen idrettspark

Mål:
0-1 48 min. Nikolai Skinlo
1-1 62 min. Eirik Systaddal

Ingen kort.

Dommar: Rune Haugland, Haugen

Lagoppstilling:
Håkon Thuland, Vegard Vesterås, Kennet Vik, Eirik Systaddal, Kim Frode Solheim, Kristoffer Rogne, Einar Aase, Martin Tonning, Nickolai Macpherson, Jan-Anders T. Wichstrøm, Tommy Holm

På benken:
Norodd Myklebust, Alexander Myklebust (for Vegard i 57. min), Magne Hillersøy (for Tommy i 72. min), Kristian Aase (for Kennet i 73. min), Henrik Kummeneje, Christopher Skadal, Asjab Muskazjijev