SURT TAP I SERIEPREMIERA

Det vart eit surt eitmålstap i seriepremiera mot Jølster på Skei laurdag ettermiddag. Eit unødvendig sjølvmål avgjorde ein kamp der vi burde hatt med oss poeng heim etter eit par kjempesjansar på slutten.










Det vart eit surt eitmålstap i seriepremiera mot Jølster på Skei laurdag ettermiddag. Eit unødvendig sjølvmål avgjorde ein kamp der vi burde hatt med oss poeng heim etter eit par kjempesjansar på slutten.


Kampen vart akkurat som venta på den trange kunstgrasbana på Skei. Mykje duellar og lite konstruktivt spel prega kampen. Surt vær med regn og snø om eit anna bidrog også til at dette vart ein kamp som ikkje går inn i historiebøkene med gullskrift.


Defensivt er dette ein kamp vi skal vere nøgd med. Spelarane var lojale mot kampplanen vår og vi hadde stort sett god kontroll bakover. Jølster skapte vel knapt ein målsjanse etter spel, men var til gjengjeld farlege på nokre av dei mange dødballane dei fekk i denne kampen.


For vår eigen del skapte vi fint lite framover før på slutten av kampen, men då hadde vi til gjengjeld nokre gedigne sjansar som burde gitt oss poeng.


Surt å tape på denne måten, men det må vi berre riste av oss. No ventar ei god treningsveke før vi tek i mot Stryn på Dingemoen kommande måndag, og det er ei utfordring vi gler oss skikkeleg til.


Eit lite poeng som bør nemnast er det at dette ganske sikkert var det yngste Dale-laget som nokon gong har spelt ei seriepremiere med ein snittalder på ca. 19 år.




Kampfakta, Firdaligaen


Jølster – Dale 1-0 (1-0)


Skei stadion kunstgras


Mål:


1-0    20. min    Sjølvmål


Gult kort: Ole Martin Eide, Jølster


Dommar: Olav Strømsøy, Florø


Lagoppstilling:


Knut Strand Løseth, Anders Furset, Geir Loneland, Erlend Osland, Frank Vik, Kees Erstad, Vegard Dyrstad, Martin Tonning, Alexander Myklebust, Einar Furset, Tor Ivar Aase Dale


På benken:


Eirik Svorstøl (for Anders frå 10. min), Kristian Aase (for Alexander frå 46. min), Tommy Holm (for Frank frå 72. min), Vebjørn Samuelsen, Jostein Vagstad