Det vart eit surt og knepent tap då serieleiar Sogndal 2 gjesta Dingemoen på fredag kveld.Vi var fullt på høgde på spelemessig og sjansemessig, men heller ikkje denne gongen skulle vi lukkast.Det betyr at vi framleis står utan siger og ligg sist på tabellen saman med neste helgs motstandar Lærdal. Med den framgangen vi har sett i dei siste to kampane, må det vere lov å ha forventningar om at sesongens første trepoengar kjem då.
Dagens Dale-spelar: Runar Aune
Kampfakta, 4.divisjon
Dale – Sogndal 2 1-2 (0-0)
Dingemoen stadion
100 tilskodarar
Mål:
1-0 47 min. Richard Skår
1-1 57 min. Sindre Rydvang
1-2 63 min. Sindre Rydvang
Gule kort: Frank Vik og Simen Stølen, Dale og Vegard Dyrstad, Sogndal 2
Dommar: Karl Inge Wolff, Hyllestad
Lagoppstilling:
Håkon Thuland, Vegard Vesterås, Christopher Skadal, Runar Aune, Kim Frode Solheim, Jonas Døving Nordal, Henrik Kummeneje, Jan-Anders Tonning Wichstrøm, Richard Skår, Simen Stølen, Magne Hillersøy
På benken:
Kennet Vik (for Richard i 71. min), Frank Vik (for Simen i 77. min), Geir Loneland (for Vegard i 83. min), Sander Eikevik Dyrstad, Vegar Kjos