Sykkelrittet Bergen-Voss

Sykkelrittet Bergen-Voss vart arrangert på laurdag, og heile 13 syklistar frå Dale IL Sykkel fullførde dei 162 km inn Hardanger.I alt var det 16 påmelde frå klubben, men diverre måtte tre deltakarar melde forfall dei siste dagane. Av dei 13 som fullførde var heile 9 debutantar i dette rittet, og alle var kjempenøgde med dagen.  Best av våre vart Terje Ulltang med tida 4 timar og 47 minutt, ei kjempeprestasjon. Også debutanten Arvid Haugen leverte eit sterkt ritt med tida 5 timar og 14 minutt. Bergen-Voss er eit fantastisk flott sykkelritt som alltid har fint ver, berre å legge seg i trening fram mot neste år for dei som er glade i å sykle, dette er vårens vakraste eventyr på sykkelsetet.