Sykkelrittet, Jølster Rundt 30.mai

Dale IL Sykkel deltek, ver med du ogsåEin del av medlemmane i Dale IL Sykkel stiller til start Jølster Rundt. Bli med du også.  

Trimritt (utan tid) med fortløpande start frå kl 09:30.  
Turritt med start frå kl 12:00.  Oppmøte seinast 1 time før start.
Alle som er 17 år og eldre kan delta i turrittet. Lagpuljer må ha minimum 18 deltakarar. 

Start og mål:  Hafstad Vidaregåande skule, Førde. 

Garderobe i Førdehuset (ca 400 m frå Hafstad Vidaregåande over gang/sykkelbru).

Løypa er ca 90 km og går først på E39 til Vassenden. Der svinger ein av E39 og følgjer sørsida av Jølstravatnet til ein kjem inn på RV5 ved Kjøsnes rett før Skei. Vending på Skei, og ein følgjer E39 tilbake til Førde.  

Etter målgang får alle utlevert «Goodiebag» med overraskelsar og litt mat.

Rittleiar: Tom Stigen 415 30665

Sjå meir om rittet på Førde CK sine nettsider