Sykkeltrening langs Dalsfjorden

Kom i form på sykkelDale IL Sykkel arrangerar trening tilpassa alle kvar tysdag kl 18.15- 19.15. Vi startar frå Esso i Dale. Krav til utstyr på turen er lykt og sykkelhjelm. Det vil alltid vere to frå klubben med på desse turane for rettleiing og spørsmål. Sykkel er ei super treningsform og vi håpar mange vil vere med. Sykkelklubben har tre racersyklar du kan prøve om du ynskjer. Har du spørsmål så ring Linda Hovland eller Ståle Brattelid.