TAP I ÅRDAL OG DERMED VART DET 7.PLASS

Vi leia både 1-0 og 2-1, men tapte til slutt 3-2 mot Årdal på Jotun stadion laurdag. Resultata i dei andre kampane gjorde også til at vi ikkje hadde komt høgare enn 7. plass sjølv om vi hadde vunne.

Dermed må vi berre innsjå at vi hamna på plassen under den magiske streken og må ta til takke med ein plass i 4.divisjon neste år.


Om kampen mot Årdal er det vel forsåvidt ikkje så mykje å seie enn at vi hadde god kontroll før pause og kunne fort ha scora eit par til, men er uheldige og får ei utlikning mot oss langt på overtid i omgangen. I 2.omgang er Årdal det beste laget og vinn såleis ein fortent siger.


Det såg bra ut lenge i denne sesongen, men vi rota det til for oss sjølv utover hausten og tapte alle dei matchballane vi hadde. Det kan nok vere fleire forklaringar på det, men hovudgrunnen er nok at vi ved skulestart gjekk frå å ha ein treningskvardag der stort sett alle var heimeverande til å ha eit halvt lag på skule i Bergen. Det gjorde til at kvaliteten på treningsarbeidet rett og slett ikkje vart god nok verken for dei som var heime eller bortebuarane.


Samstundes må vi ta med oss at under normale omstende ville vi sett på ein 7.plass som ein svært vellukka sesong, men desverre så føles det ikkje slik i år på grunn av omlegginga av seriesystemet.


Få hadde rekna med at vi skulle kjempe om 6.plassen heile vegen inn, og det er difor på ein sin plass å gje spelarar og trenarar ros for ein godt gjennomført sesong sjølv om ikkje det heldt heilt inn.


Kampfakta, Firdaligaen


Årdal – Dale 3-2 (1-1)


Jotun stadion


Mål:


0-1 23 min. Erlend Osland


1-1 45 min. Preben Strypet


1-2 62 min. Tor Ivar Aase Dale


2-2 69 min. Preben Strypet


3-2 77 min. Ørjan Stedje Ylvisåker


Gule kort: Tim Teigen, Årdal og Vegard Dyrstad, Dale


Raudt kort: Eirik Systaddal, Dale (2 gule, 89. min)


Dommar: Rune Haugland, Haugen


Lagoppstilling:


Knut Strand Løseth, Geir Loneland, Idar Haugen Rochlenge, Erlend Osland, Gaute Lundeland, Runar Aune, Martin Tonning, Eirik Systaddal, Vegard Dyrstad, Tor Ivar Aase Dale, Einar Furset


På benken:


Anders Furset (for Geir i 60. min), Kennet Vik (for Einar i 70. min), Kristian Aase (for Runar i 74. min), Einar Aase (for Vegard i83. min), Stian Neset