TAP I SKJEBNEKAMPEN

A-laget tapte skjebnekampen mot Balestrand på Dingemoen fredag kveld. Gjestane vann 2-0 og sende oss dermed eit hakk nærare stupet. No er det einaste realistiske håpet å komme forbi Veitastrond og håpe at Saga held plassen i 3.div.Vi starta kampen friskt med to gigantsjansar, men deretter var det jamnt slutt, Vi skapte lite mot eit Balestrand-lag som låg kompakt i forsvar. To Balestrand-scoringar tidleg i 2.omgang gjorde det ikkje lettare, og bortsett frå i sluttminutta skapte vi fint lite.

Eit svært skuffande resultat og prestasjon i ein kamp der så mykje står på spel. Sjølvsagt kunne dette ha blitt annleis dersom vi hadde fått uttelling i starten, men når vi ikkje gjorde det kan vi ikkje seie anna enn at Balestrand tok tre fortente poeng.

Dagens Dale-spelar:    Runar Aune

Lagoppstilling:
Håkon Thuland, Christopher Skadal, Frank Vik, Runar Aune, Kim Frode Solheim, Kristoffer Rogne, Eirik Systaddal, Einar Aase, Simen Stølen, Jan-Anders T. Wichstrøm, Stian Neset

På benken:
Tommy Holm (for Simen i 55. min), Magne Hillersøy (for Stian i 65. min), Nicolai Macpherson (for Kristoffer i 70. min), Idar Haugen Rochlenge (for Christopher i 72. min), Vegar Kjos, Vegard Vesterås, Henrik Kummeneje