TAP MOT FJØRA OG UNDER STREKEN

Vi har sett oss sjølv i ein svært vanskeleg situasjon etter tap 1-2 mot Fjøra laurdag. No er vi under den magiske streken og har kun tre kampar att.

Når ein då veit at to av desse er borte mot topplaga Tornado Måløy og Årdal seier det seg sjølv at dette blir tøft, men vi har på ingen måte gitt opp. Det er trass alt berre eit poeng opp til 5.plass.


Tapet mot Fjøra var fortent utfrå spel og sjansar, men måten det skjer på er utruleg frustrerande. Begge baklengsa er gåvepakker frå vår side og spesielt det siste kjem på eit mildt sagt uheldig tidspunkt. Vi har nettopp utlikna til 1-1 og er i ferd med å ta over kampen. Sjølvsagt går det an å spekulere i kva som kunne ha skjedd om vi hadde unngått den, men akkurat det er liten vits i å bruke tid på.


Først og fremst må vi vere ærlege mot oss sjølv og innrømme at det ikkje ting ikkje fungerer for tida. Det er ingenting å seie på moral og innsats, men vi er ikkje i nærheita av der vi var i vår spelemessig.


I 1.omgang ligg Fjøra veldig lågt og stenger kantane våre. Det greier vi ikkje å finne ut av og skapar dermed så godt som ingenting. I pause gjer vi nokre grep og gjennomfører ein langt betre 2.omgang, men utan å skape så veldig mange sjansar då heller. Vi pleier normalt å vere farlege på dødballar, men heller ikkje her fekk vi det til å stemme i dag trass mange cornerar og innkast i gode posisjonar.


No må vi berre legge bak oss denne kampen og sjå framover mot Tornado-kampen til helga. Dei jagar seriemeisterskap og vi blir såleis soleklare underdogs. Det er ein situasjon som vi kan utnytte til vår fordel.


Dagens Dale-spelar:    Kristian Aase


Kampfakta, Firdaligaen


Dale – Fjøra 1-2 (0-1)


Dingemoen stadion


150 tilskodarar


Mål:


0-1 28 min. Johan Salveson (str)


1-1 63 min. Kristian Aase


1-2 65 min. Johan Salveson


Gule kort: Idar Haugen Rochlenge og Kennet Vik, Dale og Daniel Fylling, Roger Hjellhaug, Fjøra


Dommar: Rolf Kåre Allmenning, Florø


Lagoppstilling:


Knut Strand Løseth, Idar Haugen Rochlenge, Geir Loneland, Erlend Osland, Gaute Lundeland, Runar Aune, Kees Erstad, Martin Tonning, Alexander Myklebust, Eirik Systaddal, Vegard Dyrstad


På benken:


Aloman Ioan, Kristian Aase (for Alexander i 46. min), Einar Furset (for Kees i 46. min), Kennet Vik (for Gaute i 72. min), Stian Neset (for Geir i 81. min), Einar Aase, Tommy Holm