TAP MOT SAGA

Det vart tap 2-4 mot Saga i treningskampen på Dingemoen torsdag kveld. På mange måtar var dette gutar mot menn då vi stilte med 9 juniorspelarar frå start, medan Saga så vidt vi såg hadde ingen og truleg hadde ein snittalder som låg nærare 10 år høgare enn vår.1.omgang bar då også preg av dette der vi jamnt over vart for puslete og veike mot ein motstandar med langt meir pondus. Stillinga ved pause var 0-4.

Etter pause kom det seg nokre hakk og vi gjennomførte ein respektabel omgang. Vi reduserte to gonger og sluttresultatet vart dermed 2-4 til 3.div.laget frå Førde.

Måla våre vart scora av Jan-Anders Tonning Wichstrøm og Alexander Myklebust.

Lagoppstilling:
Tor Ivar Aase Dale, Alexander Myklebust, Geir Loneland, Eirik Svorstøl, Christopher Skadal, Martin Tonning, Einar Aase, Vegard Dyrstad, Joakim Rakneberg, Kristian Aase, Simen Stølen

Ïnnbyttarar:
Vegard Ulvik, Jan-Anders Tonning Wichstrøm, Vegard Vesterås, Geir Harald Langeland