To av to sigrar for handballdamene i sesongstarten

Dale sitt damelag i 3. divisjon har to sigrar på dei to fyrste kampane. Borte mot Sogndal den 18.9 vart det siger 26-36 og igår 26.9 mot  Gneist 23-21.

Sjølv med solid siger mot Sogndal var det ein god del å rette på bakover. Eit slapt 3-2-1 forsvar gjorde det enkelt for sogndalspelarane å finne nettmaskene og det rann inn bakover. Vi skorar framover og held greitt tempo i ankomstspelet. Tilslutt viste måltavla 38-26 og jentene kunne vende heimover med 2 poeng i sekken.

I kampen mot nynedrykka Gneist var det ventar tøff motstand og særleg forsvarsspelet måtte hevast fleire hakk dersom ein skulle forvente siger.

Etter ein kludrete start dei første 5-10 minuttane der vi låg under med to mål, fekk vi noko meir kontroll på formasjonane bakover samtidig som Andrea fekk til fleire gode redningar. Til pause var stillinga komfortable 13-7. Andre omgang starta omlag som første og Gneist var etter få minutt kun tre mål bak. Gneist tok meir innpå i løpet av kampen og med eitt minutt att av kampen var dei på offansiven med kun eitt mål bak. Her viste jentene vinnareigenskapar og sikra sigeren nokre sekundar før slutt slik at sluttresultatet vart 23-21.

Neste kamp blir (endeleg) i Fjalerhallen den 18.10 mot Fana 2.