Toppkamp for Jenter 13/14

Både Tambarskjelvar og Dale hadde vunne alle sine kampar før kveldens møte på Dingemoen.

Dale starta svært puslete og Tambarskjelvar tok leiinga 1-0. Jentene våre jobba seg inn i kampen og utlikna. På slutten av omgangen vart det igjen stilleståande og vi tapte duellane. Tambarskjelvar gjekk til pause med 3-1 leiing.


Det var eit heilt anna Dale lag som gjekk på bana i 2. omgang. Jentene tok komandoen og rulla opp flotte angrep. Vi scora 4 mål før Tambarskjelvar fekk sine første sjansar, og då var det gått 25 minutt av omgangen. Dette er kanskje spelemessig den beste omgangen hittil i år. Alt i alt ein fortjent 5-3 siger til Dale.


Desse var med Åsta Johanne, Kjerstin, Sara, Ota, Jeanette, Kristiane, Rebecca, Ingrid, Frida, Guro og Amalie.