TOTAL KOLLAPS MOT EID

Det som var spådd å bli ein jamn kamp mot tabellnabo Eid utvikla seg i staden til å bli eit mareritt for oss. Hypereffektive Eid-spelarar scora på alt i starten og avgjorde kampen før det var gått 10 min og vann til slutt 7-2.

Av ein eller annan merkeleg grunn var vi ikkje på i det heile tatt då kampen starta. Eid spelte seg rett gjennom eit stilleståande Dale-forsvar og scora første målet etter eit halvt minutt.


Det sjokket kom vi oss aldri over og då stadionuret viste 17 minuttar låg vi under utrulege 4-0 etter at Eid hadde scora på alle sine fire første sjansar.


Resten av kampen vart sjølvsagt prega av at kampen vart avgjort, men Eid stod likevel på kampen ut og jaga heile tida fleire mål. Sjølv om vi sjølve viste frå vår mest ynkelege side vil vi også gje honnør til Eid som framsto som eit hardtarbeidande, temposterkt og ballsikkert lag.


Det er ikkje anna å gjere enn å gløyme denne kampen fortast mogeleg, ha ei god treningsveke og komme sterkt tilbake mot Sandane på¨fredag.


Som den vakne lesar sikkert vil legge merke fekk vi ein ny spelar på scoringslista i dag. Runar Aune (27) med fortid i Heimdal og Byåsen vart speleklar rett før overgangsvinduet stengde. Debuten vart sjølvsagt vanskeleg. Han kom inn på eit lag i oppløysing og kjende ingen av spelarane frå før, men rakk likevel å vise at han er ein spelar vi kjem til å få glede av i serieinnspurten.


Vi ønskjer Runar velkommen til Dale og håpar han ikkje let seg skremme av debutkampen,  


Dagens Dale-spelar:    Einar Furset


Kampfakta, Firdaligaen


Dale – Eid 2-7 (0-5)


Dingemoen stadion


150 tilskodarar


Mål;


0-1   1 min. Kim Vik


0-2   4 min. Christoffer Hafsås


0-3 10 min. Ole Andreas Solheim


0-4 17 min. Christoffer Hafsås


0-5 40 min. Hans Egil Øien


0-6 49 min. Christoffer Hafsås


1-6 58 min. Einar Furset


1-7 71 min. Christoffer Hafsås (str)


2-7 92 min, Runar Aune


Gule kort: Eirik Systaddal, Dale og Hans Erik Øien, Eid


Dommar: Ronny Hopland, Skavøypoll


Lagoppstilling:


Knut Strand Løseth, Alexander Myklebust, Anders Furset, Erlend Osland, Gaute Lundeland, Eirik Systaddal, Kees Erstad, Martin Tonning, Vegard Dyrstad, Kristian Aase, Einar Furset


På benken:


Aloman Ioan, Kennet Vik (for Kristian i 46. min), Einar Aase (for Eirik i 46. min), Runar Aune (for Gaute i 46. min, Tommy Holm (for Alexander i 62. min), Jan-Anders Tonning Wichstrøm, Stian Neset