TRE NYE POENG TIL A-LAGET

A-laget har verkeleg fått ein pangstart på haustsesongen. Fredag kveld vart det siger 3-2 mot Kaupanger på bortebane og dermed har vi teke 7 av 9 mogeleg poeng så langt i haust. Det er to meir enn på heile vårsesongen…Sjølv om sigeren var fortent vart det likevel nokre spennande sluttminutt før vi kunne juble for vår andre 3-2 siger på rad i Indre Sogn.
Vi låg under to gonger, men unngjekk heldigvis å bli stressa. I staden fekk vi heldigvis løn for god jobbing over heile linja. Spelemessig var ikkje dette noko høgdare av ein kamp, men vi var likevel best både i spel og sjansar og vann såleis heilt fortent.

Kampfakta, 4.divisjon

Kaupanger – Dale 2-3 (2-1)
Kaupanger stadion

Mål:
1-0   6 min. Ole Einar Rebni
1-1 34 min. Frank Vik
2-1 45 min. Jarle Ims
2-2 52 min. Tommy Holm
2-3 71 min. Simen Stølen

Gule kort: Christopher Skadal og Eirik Systaddal, Dale

Dommar: Karl Inge Wolff, Hyllestad

Lagoppstilling:
Tor Ivar Aase Dale, Christopher Skadal, Idar Haugen Rochlenge, Runar Aune, Kim Frode Solheim, Kristoffer Rogne, Eirik Systaddal, Einar Aase, Simen Stølen, Nicolai Macpherson, Frank Vik

På benken:
Tommy Holm (for Nicolai i 46. min), Henrik Kummeneje (for Kristoffer i 69. min), Sander Dyrstad, Stian Neset