Har du lyst til å vere med sykkelgruppa på trening, har vi lagt opp til fleire ulike økter i veka.
Måndagar er dagen for deg som vil vere med i moderat fart rundt Strandavatnet. Tysdag går turen i høgare tempo til Nautsund, her bør du vere i litt form. Torsdagar køyrer vi intervalløkter og sundagar er dagen for langtur i roleg tempo.
Ein prøver så godt det let seg gjere å tilpasse tempo, men det vil variere då ein er i ulik form. Måndagstreninga er for deg som ikkje har så mykje erfaring med sykling som treningsform. Vi øver på teknikk og gir tips om sykling.
Sjå meir om sykling under fana "Sykkel" så under Fellestreningar