TRENINGSSENTERET OPNAR 21.SEPTEMBER

Vinn månadskort på opningsdagen!
Dale IL og Dingemoen Idrettspark inviterer alle spreke Fjalerbuarar til opning av det nye treningssenteret i Fjalerhallen!Laurdag 21.september opnar ordførar Arve Helle det nye treningssenteret i Fjalerhallen, og du kan prøve dei nye fasilitetane allereie same dagen!

Frå kl. 14:00 ønskjer Arve og andre gjestar velkomen til open dag i det nye tilbygget til Fjalerhallen. Det vil bli liv og røre i både treningssenteret og hallen heile dagen. Instruktørane Linda og Bente vil presentere seg og informere om tilbodet i treningssenteret, og første spinningtime i nye lokaler går av stabelen kl. 16:00.

Handballen sine Gutar 10 får besøk av Fyllingen, og skal ha trening og kamp mot bergensarane både før og etter opninga.
Kl. 15:00 møter Dale sitt J12-lag Florø til dyst på handballbana.

Vi serverer kaffi og kaker til alle som besøker oss denne dagen! Og frå kl. 17:00 vil det vere muleg å bøte på kakeinntaket når heile treningssenteret med manualar og apparat vert tilgjengeleg  for dei som ønskjer ein prøvetime.

I samband med opningsseremonien blir det trekt 10 vinnarar av månadskort til treningssenteret, sponsa av Vestbygg AS!