TROPPEN MOT ÅRDAL

Vi er klar til ei dramatisk sesongavslutning i Firdaligaen. Saman med Fjøra, Florø og Sogndal 2 kjempar vi om dei to siste plassane i den nye 3.divisjon.

Vi møter Årdal borte og utgangspunktet for vår del er rimeleg enkelt; kun siger er godt nok dersom vi skal komme blant dei 6.beste. I tillegg er vi også avhengig av at enten Sogndal 2 tek poeng mot Florø eller at Eid slår Fjøra.


Dei to andre kampane er det lite vi kan gjere med, så fokuset må vere på det einaste vi kan styre sjølv; nemleg å slå Årdal. Det blir sjølvsagt vanskeleg nok, men skulle vi greie det får vi berre krysse fingrar for at eit av dei andre resultata går vår veg.


Troppen vår til den høgdramatiske serieavslutninga ser slik ut:


Knut Strand Løseth, Kennet Vik, Geir Loneland, Einar Aase, Eirik Systaddal, Erlend Osland, Martin Tonning, Kristian Aase, Vegard Dyrstad, Idar Haugen Rochlenge, Einar Furset, Runar Aune, Gaute Lundeland, Stian Neset, Anders Furset, Tor Ivar Aase Dale