TROPPEN MOT FJØRA

A-laget møter Fjøra til ein svært avgjerande kamp i Firdaligaen laurdag kl. 16.00. Fjøra ligg no kun 3 poeng bak oss og det betyr at klisjèen 6-poengskamp passar særs godt om dette oppgjeret.

Dei siste dagane striregn gjer at det er svært usikkert om kampen kan gå på gras. Fredag kveld låg store deler av bana under vatn og dersom ikkje været lettar vil det vere heilt uforsvarleg å spele kampen på gras.


Dommar Rolf Kåre Allmenning har det siste ordet og han inspiserer bana to timar før kampstart.


Uansett om det blir gras eller kunstgras; følgjande gjeng er klare til kamp:


Knut Strand Løseth, Aloman Ioan, Kennet Vik, Geir Loneland, Tommy Holm, Einar Aase, Eirik Systaddal, Erlend Osland, Martin Tonning, Kristian Aase, Vegard Dyrstad, Idar Haugen Rochlenge, Kees Erstad, Einar Furset, Runar Aune, Gaute Lundeland, Stian Neset, Anders Furset, Alexander Myklebust