Det er klart for årets siste heimekamp og gjestar denne gongen er Florø. Unggutane frå kystbyen har saman med oss vore den store overraskinga i årets Firdaliga.
To runder før slutt ligg Florø to poeng føre oss og det betyr ein einaste ting; kampen må vinnast dersom vi skal ha muligheit til å komme blant dei 6 beste.
Det betyr at det ligg an til ein skikkeleg «rysare» på Dingemoen, og då håpar vi sjølvsagt på fullt trøkk frå eit talrikt heimepublikum.
Trenar Stian Neset kan velje frå ein bortimot fulltallig tropp og kan i tillegg til seg velje blant følgjande spelarar til denne skjebnekampen:
Knut Strand Løseth, Aloman Ioan, Kennet Vik, Geir Loneland, Einar Aase, Eirik Systaddal, Erlend Osland, Martin Tonning, Kristian Aase, Vegard Dyrstad, Idar Haugen Rochlenge, Einar Furset, Runar Aune, Gaute Lundeland, Jan-Anders Tonning-Wichstrøm, Anders Furset, Tor Ivar Aase Dale, Alexander Myklebust