TROPPEN MOT TORNADO MÅLØY

Vi møter Tornado Måløy borte på laurdag og det betyr ein av sesongens lengste reiser og ikkje minst den tøffaste kampen i år.

Etter at Stryn måtte nøye seg med uavgjort mot Florø i kveld kan Tornado Måløy sikre seg seriemeisterskapet i Firdaligaen i denne kampen. Det er dei nok garantert innstilte på og det betyr ganske sikkert at vi får køyrt oss bra, men vi har likevel god tru på at vi skal vere i stand til å ryste dei litt.


Frå sist helg står Idar over for 3 gule kort, Eirik er på jobb og Kees er utanlands.


Det betyr at følgjande 16 reiser nordover til Måløy i morgon:


Knut Strand Løseth, Aloman Ioan, Kennet Vik, Geir Loneland, Einar Aase, Erlend Osland, Martin Tonning, Kristian Aase, Vegard Dyrstad, Einar Furset, Runar Aune, Gaute Lundeland, Stian Neset, Jan-Anders Tonning Wichstrøm, Tor Ivar Aase Dale, Alexander Myklebust