TURNERING I HALLEN 2.JULEDAG

Turneringa er meint som ei uhøgtidleg sak der ein set saman sine eigne lag utfrå dei reglane vi har laga til. Reglane kan du sjå lenger nede i artikkelen.

Vi håpar på god deltaking frå heile kommunen, og ikkje minst mange kreative namn på dei ulike laga. Påmelding innan 25. desember kl. 18.00.

Påmelding av lag til Arve Helle (917 37 562) eller Malene Solheim (482 49 528).

Følgjande reglar gjeld for Fjaler Open:

  • – Kvart lag har 5 spelarar inkl. keeper på bana til ei kvar tid.
  • – Det er fritt antal innbyttarar.
  • – Kvart lag må ha med to spelarar over 30 år og to damer.
  • – Ein over 30 år og ei dame må vere blant dei fire utespelarane   på bana til ei kvar tid.
  • – Kvart lag betalar kr. 50,- pr. spelar i deltakaravgift.
  • – Speletida er 1 x 10 min. pr. kamp
  • – Innleiande kampar i seriespel, deretter semifinalar og finale.