UAVGJORT MOT SERIELEIAREN

A-laget heva seg kraftig etter fleire svake kampar og fekk med seg eit velfortent i fredagens kamp mot serieleiar Vik på Dingemoen.
På overtid hadde vi ein gigantisk dobbeltsjanse til å sikre oss sigeren.Vi hadde gjort ein del endringar på laget sidan sist og gjekk ut i ein 4-5-1 formasjon. Etter ein jamn start på kampen fekk desverre Vik eit mål ut av så og seie ingenting i midten av omgangen.
Vi la om til 4-4-2 og fekk straks betre grep om kampen. Det var difor heilt fortent at Stian utlikna mot slutten av omgangen.

Etter pause leverte vi mykje bra spelemessig og skapte fleire store sjansar. Vik på si side fekk ein del cornerar som dei normalt er farlege på, men heldigvis rydda Tor Ivar opp i stor stil. Utover dødballane skapte ikkje vikjene så mykje i løpet av kampen.

På overtid fekk vi ein gigantisk dobbeltsjanse der Martin først missa åleine med Vik-keeper Stig Roar Hovland, og Joakim sette returen utanfor på ope mål. Litt bittert å ikkje få tre poeng etter den avslutninga, men samstundes skal vi vere fornøgde med at vi heva oss kraftig etter fleire svake kampar i det siste. 

Publikumsprisen denne gongen må nesten gå til Tor Ivar for uortodokst keeperspel på nivå med det Renè Higuita presterte i sine velmaktsdagar. Kalde avdriblingar og hælspark frå keeper er ikkje akkurat kvardagskost i vår lokale 4.divisjon.

Dagens Dale-spelar:    Runar Aune

Kampfakta, 4. divisjon:

Dale – Vik 1-1 (1-1)
Dingemoen idrettspark
ca. 100 tilskodarar

Mål:
0-1 23 min. Svein Erik Saglien
1-1 37 min. Stian Neset

Gult kort: Runar Aune, Dale

Dommar: Jarle Andersen, Syril

Lagoppstilling:
Tor Ivar Aase Dale, Alexander Myklebust, Idar Haugen Rochlenge, Runar Aune, Geir Loneland, Jonas Døving Nordal, Martin Tonning, Henrik Kummeneje, Einar Aase, Jan-Anders Tonning Wichstrøm, Stian Neset

På benken:
Vegard Ulvik, Kristian Aase (for Jonas i 66. min), Joakim Rakneberg (for Jan-Anders i 82. min), Martin Myklebust, Eirik Svorstøl, Christopher Skadal, Simen Stølen