UAVGJORT MOT SOGNDAL 3

Det burde blitt tre poeng mot Sogndal 3 på Dingemoen fredag kveld, men vi måtte nøye oss med eit. I ein tett og fartsfyllt kamp skapte vi dei største sjansane, fekk eit mål tvilsomt annulert og vart kanskje snytt for ei straffe.Vi må legge til at gjestane frå Sogn slett ikkje var ufarlege dei heller, men kampen sett under eitt burde vi ha vunne.

Kampen blir mest hugsa for at superveteran Idar Haugen Rochlenge spelte sin 400. obligatoriske kamp for klubben, og dermed vart den første som passerte 400.
Idar debuterte i 1989 og med tanke på at han har spelt for andre klubbar i 6 sesongar er det ein prestasjon av rang han har gjort med å nå 400 kampar. Vi gratulerer og takkar for ein eineståande innsats for klubben! 

Dagens Dale-spelar:    Eirik Systaddal

Kampfakta, 4.divisjon

Dale – Sogndal 3 0-0
Dingemoen idrettspark
120 tilskodarar

Gule kort: Ole Petter Mundal, Dale og Elias Saltnes, Sogndal

Dommar: Rolf Kåre Almenning, Florø

Lagoppstilling:
Håkon Thuland, Martin Tonning, Richard Skår, Eirik Systaddal, Kim Frode Solheim, Kristoffer Rogne, Einar Aase, Kees Erstad, Jan-Anders T. Wichstrøm, Tommy Holm, Ole Petter Mundal

På benken:
Norodd Myklebust, Idar Haugen Rochlenge (for Kim i 46. min), Nicolai Macpherson (for Tommy i 59. min), Henrik Kummeneje (for Ole Petter i 82. min), Sander E. Dyrstad (for Einar i 88. min), Bendik, Vik, Vegar Kjos,