TREN I DALE IDRETTSLAG

Vårt hovudfokus er at alle skal ha det superkjekt og finne aktivitet ein trivast med. Her finn du oversikt over aktvitet, alder, tider, kostnad og kontaktpersonar.
Vi har mange aktive som deltek i fleire av aktivitetane og vi freistar tilrettelegge godt og samarbeide mellom gruppene slik at ein kan delta på alt ein vil.
BASISTRENING
Opa trening for alle frå 12 år. Fokus på skadeforebygging og ein trenar basisferdigheiter gjennom heile økta; koordinasjon, balanse, styrke, hurtigheit, spenst og noko uthald. Innhaldet i øktene er forskjellig frå gong til gong og ulike trenarar rullerar på å ha øktene. Dette er ei økt som passar for dei aller fleste. Du får trent uansett kva nivå du er på
Tider:
Måndag: Kl 18:30 – 19:30
Torsdag: Kl 19:15 – 20:15
Kostnad:
Om du er aktiv i ein av dei andre aktivitetane så er dette gratis. Er du kun med på basistrening betalar du treningsvgift etter ordinær sats.
Ansvarleg: Malene Solheim, fysioterapeut.
E-post: malenesolheim83@gmail.com
Trykk her for løpande oppdateringar om aktiviteten
BADMINTON
Badminton er ei ypperleg trening der alle aldrar kan trene i lag.
Tider:
Måndag: Kl 21:00 – 22:00
Onsdag: Kl 20:30 – 22:00
Fredag: Kl 18:30 – 19:30, Born har førsterett på banene denne dagen, gjerne ilag med foreldre.
Kostnad:
Treningsavgift etter ordinær sats Du betaler for ein vintersesong T.d: Haust 2018/vår 2019
Ansvarleg: Hilde Genberg
E-post: hilde.genberg@uwcrcn.no
Trykk er for løpande oppdateringar om aktiviteten
VOLLEYBALL
Volleyball er eit tilbod til deg som vil vere aktiv utan å konkurrere. Om du aldri har spelt volleyball eller er røynd spelar er du velkommen. Alle får god instruksjon.
Tider:
Onsdag: Kl 19:00 – 20:30 Ungdomsmix (15- 21 år)
Fredag: Kl 18:30 – 20:00 Open klasse.
Kostnader:
Treningsavgift etter ordinær sats Du betaler for ein vintersesong. Td. Haust 2018/Vår 2019.
Ansvarleg: Ivar Vårdal
E-post: ivar.vardal@fjaler.kommune.no
Trykk her for løpande informasjon om aktiviteten
BARNEIDRETT
Dale IL har tilbod om idrettskule for dei mellom 5-7 år. Her er det introduksjon til idretten som er i fokus. Ein får prøve seg på ulike aktivitetar der ein får øvd på balanse, motorikk, samt oppleve meistring og ha det moro.
Aktivitetar:
Sirkeltrening: hoppe på tjukkas, ribbevegg, balansere på benk, rockering, hoppe/slengtau, sentre ball, bowling, hoppe i rockeringar, gripeball, stupekråke, hoppe gjennom rockering på tjukkas, trampoline, frisbee, tau frå taket, kaste på blink, enkle styrke øvingar.
Ballspel: kanonball, hjørnefotball, sittefotball, innebandy, elefantball, korgball.
Vinterleik/div leikar: aking, skileik, Hauk og due, Raudt lys, Alle mine killebukkar kom heim, Haien kjem, Doktortikken, Siste par ut, Kari og Knut, Stiv heks, Troll og stein, kongen befaler, hermegåsa.
Koordinasjon, dans, rytme: disco, aerobic, fridans, folkedans, ringleikar, stafett.
Tider:
Onsdag kl 17:00 – 19:00 Dingemoen skule. Ansvar: Ingvill Søgnen
E-post: s__ingvill@hotmail.com
Informasjon om aktiviteten går direkte til føresette.
FOTBALL
Fotball har tilbod frå 6 år og oppover. Alle aldersklassar sine eigne mål for aktiviten. Dei minsteklassane har fokus på auka meistring, inkludering, koordinasjon, motorikk og ikkje minst å bli introdusert for aktiviten på ein god måte. Ein legg vekt på samhald og ha det kjekt på trening.
Vi viser til fotballen sin eigen sportsleg plan for dei enkelte aldersklassane og A-lag/damelag.
Tider
Måndag:
Kl: 17.00-18.00 Gutar 8 (2010)år Fjalerhallen. Ansvar,Roger Solheim
Kl: 18.00-19.00 Gutar 12 (2008) Dingemoen skule. Ansvar, Stian Neset
Tysdag
Kl: 16.00-17.00 Gutar 10 år(2008) Fjalerhallen. Ansvar: Frode Hellebust
Kl: 17.00-18.00 Jenter 6 år (2012) Dingemoen skule. Ansvar: Kari Ann Stenseth
Kl: 18.00-19.00 Gutar 6- 7 år (2011/12)Dingemoen skule. Ansvar: Stian Neset
Kl: 20.30-21.45 A-lag/G15-17 Fjalerhallen. Ansvar: Arve Helle
Onsdag
Kl 17.00-18.00 Jenter 7år (2011) Fjalerhallen. Ansvar: Kim Frode Solheim
Torsdag
Kl: 17.00-18.15 Smågute 13-14år : Dingemoen skule. Ansvar: Roger Solheim
Fredag
Kl: 16.30-17.30 Jenter 5 og 8 år Gutar 7 år(2010/12/13) Fjalerhallen. Ansvar: Richard Skår /Magne Hillerøy
Kl: 17.30-18.30 Gutar 7-9 år (2009-2011) Fjalerhallen. A: Vegard Strand/Roger Solheim/Ingar Valvik
Kl: 19.30-21.00 Dame/J15-17/J13-14 Fjalerhallen. Ansvar: Ståle Haugen
Søndag:
Kl: 15.30.17.00 Gutar 10-11 år (2008/2009) Fjalerhallen. Ansvar: Frode Hellebust
Kl: 17.00-18.15 Dame/J15-17/J13-14 Fjalerhallen. Ansvar: Ståle Haugen
Kl: 18.15-19.30 Smågute 13-14 år ( Fjalerhallen. Ansvar: Roger Solheim
Kl: 19.30-20.45 A-lag/G15-17 Fjalerhallen. Ansvar: Arve Helle
Kl: 20.45-22.00 Old boys Fjalerhallen. Ansvar: Stein Valvik
Kostnader
Du betaler to avgifter når du er aktiv i fotball:
1. Treningsavgift til Dale IL: Denne går til generell drift som t.d leige av treningsareal og påmelding i serie.
2. Aktivitetsavgift til Dale IL – Fotball dekkar forsikring for den enkelte utøvar og utstyr som t.d. mål, ballar, vestar og liknande som fotballgruppa treng for å gje eit godt tilbod.
Satsar pr 2018.
Born opp til 12 år: Dale IL-avgift: kr. 300,- pr. år / Fotballavgift: kr. 400,- pr. år = Kr 700 totalt
Ungdom 13-19 år: Dale IL-avgift: kr. 500,- pr. år / Fotballavgift kr. 600,- pr. år = Kr 1100 totalt
Vaksne 20 år +: Dale IL-avgift: kr. 800,- pr. år / Fotballavgift kr. 1.000,- pr. år = Kr 1800 totalt
Ansvarleg sportsleg utval: Arve Helle
E-post: arve.helle@enivest.net.
Dei fleste aldersklassane har interne grupper på Facebook for løpande informasjon.
HANDBALL

Handball har tilbod frå 6 år og oppover. Alle aldersklassar har sine eigne mål for aktiviten. Dei minsteklassane har fokus på auka meistring, inkludering, koordinasjon, motorikk og ikkje minst å bli introdusert for aktiviten på ein god måte. Ein legg vekt på samhald og ha det kjekt på trening.
Vi viser til handballgruppa sin sportslege plan for innhald og mål i dei enkelte aldersklassane.
Tider
J/G 6 (2012): Torsdag 16:45 – 18:00
J/G 7 (2011): Torsdag 16:45 – 18:00
J/G 8 (2010): Mandag 15:45 – 17:00, Tirsdag 17:15 – 18:30
J9/10 (2009/2008): Tirsdag 16:00 – 17:15, Onsdag 16:00 – 17:30
G9/10 (2009/2008/2007): Onsdag 17:30 – 19:00, Torsdag 15:30 – 16:45
J11/12 (2007/2006): Tirsdag 18:00 – 19:30, Torsdag 18:00 – 19:15
J13/14 (2005/2004): Mandag 17:00 – 18:30, Onsdag 19:00 – 20:30
J15 (2003): Mandag 19:30 – 21:00, Torsdag 20:15 – 22:00
G14 (2006/2005/2004): Mandag 17:00 – 18:30, Onsdag 19:00 – 20:30
G16 (2003): Mandag 19:30 – 21:00, Torsdag 20:15 – 22:00
Kostnader
Du betaler to avgifter når du er aktiv i handball:
Treningsavgift etter ordinær sats til Dale IL
Handball krev inn ei avgift på kr 100 i tillegg for å dekke eigne driftskostnader til aktiviteten.
Ansvarleg:
Jonny Pedersen, sportsleg utval
E-post: jp@pecom.no
Ainor Naustdal, leiar
E-post: ainornaustdal@gmail.com
SKIGRUPPA
Skigruppa i Fjaler er eit samarbeid mellom Dale IL og Svint IL. Gruppa ynskjer å legge til rette for skiaktivitet for små og store i Fjaler. Arena er i Norddal mot Steiestøl litt sør for Dale sentrum.
Skitrening vinter 2019
Onsdag: Kl. 17:30 – 18:30 Skitrening for nybyrjar og vidarekomne born i alderen 8-13 år
Oppstart 09.01.19
Fram til det blir skiføre i Norddalen, startar vi opp med barmarkstrening i Dale. Oppmøte på parkeringsplassen utanfor Fjalerhallen klokka 17:30.
For å delta på skitrening må bornet være medlem i Svint IL eller Dale IL.
Kostnader
Kr 150,- til konto: 3741.62.51283 eller vipps: 504611. Merk betalinga med bornet sitt namn.
Trenarar denne sesongen er Ingrid Flugsrud og Magnar Hellesøy.
Påmelding til Ingrid på e-post: Flugsen92@hotmail.com
Løpande informasjon om aktivitet, vær og føreforhold får du ved å trykke her
STIGRUPPA
Sidan gruppa vart etablert i 2009, har det meste av arbeidet vore prega av opparbeiding av stiane; merking, steinlegging, rydding, brubygging m.m. Størstedelen av dette arbeidet er vi no i mål med, og vi er no inne i ein «driftsfase» der ein kan konsentrere oss om vedlikehald, forbetringar og tiltak som vil auke bruken av stiane.
Turgruppa sitt engasjement har heilt sidan starten vore å få fleire av «sofaslitarane» til å komme seg ut. Grunntanken var at dette ville vi klare ved å merke og legge til rette på ein slik måte at «alle» kunne føle seg trygge- terskelen for å gå tur blir minst muleg. Dette har også synt seg å virke. Spesielt for dei sentrumsnære stiane Østenstad og Elvestien. På begge desse stiane er trafikken betydeleg over det vi såg føre oss.
STILLING LEDIG:
Stigruppa får mykje lovord og skryt frå ulike hald- noko vi set stor pris på! Lovorda og positiviteten gjev energi til å ta nye tunge bører med stein. Samstundes er det til tider mange dugnadstimar som går med både til vedlikehald av eksisterande- og opparbeiding av nye stiar. Vi er difor oppteken av komme i kontakt med personar som kunne tenke seg å vere med å «ta eit tak». Har du ein viss praktisk sans og eit godt lynne, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt
Tider
Alltid ope til gratis bruk for alle.
Du finn inspirasjon til turar ved å trykke her
Kontakt Vegard Strand om du har lyst å bidra eller har andre innspel
E-post: vegard.strand@enivest.net
TRENINGSSENTER
Dingemoen treningssenter har ope 24/7. Der er eit variert utval av utstyr for styrketrening og spinningsal. Senteret er ubemanna og basert på eigentrening.
På spinninghemsen tilbyr vi organiserte økter fleire gognar i veka. Ønskjer du teste denne treningsforma så kontakt linda.hovland@gmail.com for prøvetime.
Du melder deg på timane ved å gå inn på kalendaren som ligg på nettsida her.
Aldersgrensa i treningssenteret er 15 år
Kostnader
Du betaler treningsavgift direkte til treningssenteret og der er fleire ulike satsar. NB! Hugs at du må kjøpe deg nøkkelbrikke.
For dei ulike abonnementa så tykk her
Kontaktinformasjon:
Ansvaleg for drift: Vidar Samuelsen.
E-post: trene@daleil.no
GOD TRENING !
Har du spørsmål om treningstider så kontakt den enkelte gruppe og kontaktperson oppgjeve her. Har du andre spørsmål eller innspel til Dale IL så kontakt Linda Hovland, leiar i laget.
E-post: linda.hovland@gmail.com