VIK SENKA VIK…

Kennet Vik vart den store profilen då vi slo Vik 4-1 på Dingemoen laurdag. På den halvtimen han spelte var han involvert i dei 3 siste måla våre og skaffa i tillegg ei straffe som vi desverre bomma på.

1.omgang var stort sett jamnspela. Vi skapte nokre store sjansar og spesielt var det farleg kvar gong Alexander kom rundt på kanten. Vik på side hadde to store muligheiter. Først ei Saglien-heading som Knut redda mesterleg og deretter ein susar i tverrliggaren frå Thomas Hjortland.


Etter pause var det klasseforskjell på laga. Vik såg ut som dei gjekk tomme og vi køyrde over dei utover i omgangen. Ein opplagd Kennet Vik fekk store rom å boltre seg i og var ein konstant trussel mot Vik-forsvaret.


3 scoringar og ei brend straffe siste halvtimen seier det meste, men vi kunne hatt langt fleire mål. Mot slutten var vi stort sett i angrep heile tida og kunne lett ha putta 2-3 mål til.


Med denne sigeren fekk vi ei luke på 6 poeng ned til Vik. Florø og Fjøra slo til med overraskande sigrar og dermed er det framleis heilt jamnt i kampen om 6.plassen.


Dagens Dale-spelar:       Kennet Vik


Kampfakta, Firdaligaen


Dale – Vik 4-1 (1-1)


Dingemoen stadion


Mål:


1-0 31 min. Kristian Aase


1-1 44 min. Robert Hovland


2-1 61 min. Erlend Osland


3-1 69 min. Kennet Vik


4-1 93 min. Einar Furset


Gule kort: Eirik Systaddal og Anders Furset, Dale


Dommar: Ronny Stian Hopland, Skavøypoll


Lagoppstilling:


Knut Strand Løseth, Idar Haugen Rochlenge, Anders Furset, Erlend Osland, Gaute Lundeland, Eirik Systaddal, Kees Erstad, Martin Tonning, Alexander Myklebust, Kristian Aase, Einar Furset


På benken:


Aloman Ioan, Kennet Vik (for Martin frå 60. min), Tommy Holm (for Martin frå 82. min), Geir Loneland (for Anders frå 83. min), Magne Hillersøy (for Alexander frå 88. min)