FLOTT INNSATS PÅ JØLSTER RUNDT!

Dale IL Sykkel deltok for fyrste gong med lagpulje på dagens Jølster Rundt. Med heile 22 ryttarar kom vi rundt dei 90 km på 2t 32 min. Berre ein stygg velt ødela den gode stemninga etter målgang.

Ei gruppe på heile 22 ryttarar la av gårde frå Førde i eit fantastisk ver, og alt låg til rette for ein flott tur. Etter mange sure og kalde treningsturar denne våren var det fantastisk å kunne starte idag med sommarbekledning. Då vi hadde fleire nye med oss idag som ikkje hadde sykla så mykje, prøvde vi å køyre rulle med dei sterkaste i front. Dette fungerte stort sett bra det meste av turen, og vi kom i mål på 2.32.41. Vi hadde sett oss eit mål om å klare 2 t 30 min, og det hadde vi klart om ikkje vi hadde kome ut for eit dramatisk uhell på Vassenden. Tre ryttarar var innblanda i ein stygg velt, som medførte at Karl Inge Wolff frå Hyllestad enda på sjukehus med to brotne ribbein. Etter det vi har fått opplyst skal det stå bra til med han, men han mista desverre Bergen-Voss neste helg. Ei stor takk til Øivind Helle og Terje Ulltang som stoppa og gav Karl Inge den hjelpa han trengde. Vil og gje honnør til dagens utvalde kaptein Kjetil Felde som gjorde ein heroisk innsats for å dra dette i land. På tross av uhell og litt utfordringar med å få rulla til å gå, håpar vi at alle hadde ei fin oppleving som gav meirsmak.


Mvh Ståle