ÅRETS FØRSTE SIGER

Med 1-0 borte mot Vik kunne vi endeleg juble for årets første siger i Firdaligaen.

Det vart ein tett og jamn kamp på Vik stadion, men heldigvis gjekk det denne gongen i vår favør.

Kampen vart aldri spesielt velspela, men hadde nerve og spenning heile vegen. Vik missa ei straffe då Knut gjorde si andre strafferedning på to kampar, og Erlend sitt kne var på rett plass til rett tid og avverga ein gigantisk Vik-sjanse i sluttminutta.

TROPPEN MOT VIK

Laurdag ettermiddag møter A-laget Vik borte. Vi er noko reduserte til denne kampen, men ikkje verre enn at vi håpar på å innkassere årets første poeng i Firdaligaen.

TROPPEN MOT STRYN

Dei siste førebuingane til årets første heimekamp vart gjennomførte på Dingemoen-graset søndag ettermiddag. Vi er klare til å ta imot Stryn