KLAR FOR 6-POENGSKAMP I FLORØ

Søndag er det klart for ny kamp i Firdaligaen. Denne gongen set vi kursen for den einaste ekte byen i fylket, nemleg jubileumsbyen Florø.

I tillegg til 150-års feiring heile året til endes står silda i fokus i kystbyen denne helga. Det tradisjonelle sildebordet går av stabelen og nettopp silda var årsaka til at Florø fekk bystatus i 1860.


Ein liten historieleksjon skadar ikkje, men vi reiser ikkje til Florø verken for å ta del i sildebord, Kinnaspel eller jubileumsfeiring.


Kampen er det ein på det klisjeaktige fotballspråket kallar ein 6-poengskamp. Vi ligg tre poeng framfor Florø og har dermed muligheiten til å få ei luke til bruntrøyene.


Vi reiser til Florø med nesten fulltallig tropp og er sterke i trua på å ta sesongens tredje bortesiger. Kun Eirik Systaddal er ute av dei faste spelarane.


Troppen ser slik ut:


Knut Strand Løseth, Aloman Ioan, Geir Loneland, Erlend Osland, Martin Tonning, Kristian Aase, Vegard Dyrstad, Idar Haugen Rochlenge, Kees Erstad, Einar Furset, Eirik Svorstøl, Stian Neset, Jan-Anders Tonning Wichstrøm, Anders Furset, Tor Ivar Aase Dale, Alexander Myklebust, Frank Vik, Einar Aase


Kampstart på Florø stadion er kl. 16.00, og det er lov å ta turen for å støtte bortelaget…