OPPSUMMERING FRÅ SMÅGUTETRENARANE

Frå smågutetrenarane har vi fått følgjande skråblikk på sesongen:

Då var årets smågute-sesong over også. Ein utesesong som varte heilt til vi skreiv november, og har vore prega seirar og tap (altså ingen uavgjort). Og når tapa kom i vår, kom jo så vanleg trenarspørsmålet opp. Var det riktig spelestil, formasjon, laguttak osv.? De kjenner til det 🙂Vårsesongen gjekk vi igjennom ein serie med 9 andre lag. Dei 4 som kom over oss på tabellen, spelte vi jamnt med, men gjekk på tap mot alle. Dei 5 som bak oss, slo vi med både 10 og 20 mål. Det kjedelege var at vi komme på 5 plass, og måtte spele 3 divisjon (ilag med dei dårlege laga).
Etter dette resultatet kom jo sjølvsagt trenarspørsmålet fram. Men Ståle Haugen gjekk ut å sa vi hadde tillit. Unntaket frå regelen her, var at vi hadde tillit, og sat ut sesongen. Noko som vart bevist gjennom høstsesongen at var riktig. Då vi vel kan sei vi krusa gjennom, sjølv om for det meste mangla sentrale spelarar i alle kampar.
 
Sesongen vart tilslutt avslutta no i helga med Førde-cup. Der vi stilte med to lag – eit 97-lag og eit 98-lag. Ei turnering som i ettertid nok vil bli hugsa først og fremst for at vi måtte frykteleg tidleg opp både lørdag og søndag. Altså var ikkje resultatet det heilt store.
 
Dei som var med på årets smågutelag, var:
Aksel: Keeper. Som må spele med nr 1 på ryggen. Med andre ord – kan aldri bli reservekeeper.
Eldar: Brann har lagets 12. mann. Vi har Eldar. Ein som alltid stiller opp med nr 12 på ryggen. Ikkje så mykje speletid i år. Men nest år er du kvitt årets nr 1 🙂
Nikolai: Kan vi vel sei har vore lagets potet. Spelar der han får beskjed å spele.
Ole Robert: Bauta i forsvar, og taklar som ein MANN. Motstandarar bør hugse is.
Endre V.: Som vi ikkje fant ut før på slutten av sesongen, at faktisk var spiss.
Tarald: Kanskje den einaste smågutespelar  i landet, med høgrefot, som blir skuffa om han ikkje får spele venstre back.
Lauritz: Hugsa nok denne sesongen best for at han måtte gå med gips i 5 mnd, for det som var sagt var ein liten forstuelse. (var nok brudd gitt)
Bendik: Kaptein Vik. Ein liten gut som vokste seg stor fysisk og fotballmessig iløpe av sesongen.
Sindre: Ein spelar som har spelt stoppar, sentral midtbane, indreløpar og spiss. Alt utan back og ving. Noko han spelar på gutelaget. Kanskje keeper neste år, Sindre?
Erlend: Avslappa type, som så oftast er sist å bytte før og etter kamp. Men på bana har han det veldig travelt. Då går beina fort.
Jan Audun: Ein spelar som ikkje kunne slå ein innsidepasning i vår, til plutseleg starta dei fleste kampane i høst. Hjelper å trene.
Endre I.: Kom med oss i vårsesongen. Veldig flink til å ta opp mange rare tema på vei til bortekamp.
Sander: Har drilla rundt med medspelarar, motspelarar og trenarar i heile år. Skjønar ikkje alltid kva han gjer, men ballen får han så oftast med seg.
Jarle: Ser veldig snill ut. Men dei har så oftast litt illt dei som har spelt mot Jarle ein heil kamp. Ikkje ein som trekker seg i duellane.
Stig: Sjølv om ikkje alt er like morsomt. Må vel han seiast å vere lagets morromann. (Ikkje alltid med meining).
Pluss at vi har hatt med oss nokon spelar frå lillegut-laget som har fått prøvt seg nokon kampar.
 
Trenarteam: Roger og Cato: som utruleg nok har gått gjennom sesongen uten å gjort ein einaste feil 🙂