Dale IL Sykke fekk idag positivt svar på vår søknad om at årets Postvegritt kan verte seedingritt til Birkebeinerrittet 2011.
Dette er ei gledeleg nyheit for oss i sykkelklubben då dette truleg gjev oss mange fleire deltakarar på årets ritt samt ei massiv marknadsføring av rittet. Postvegrittet vert dermed eit av i alt 23 seedingritt i landet som får denne statusen, dei næraste ritta er Molde og Fana i Bergen.
Å verte seedingritt betyr at deltakarar til Birken kan sykle vårt ritt, og bruke tida hos oss som grunnlag for kva pulje ein kan få starte i på Birken. Dette er spesielt viktig for alle som sykler Birken for første gong då alternativet er ei dårleg startpulje. Vidare er det klart at mange Birken syklistar deltek på dei ritt som går i forkant av sjølve Birken som oppkøyring. Det er svært mange deltakarar som får vårt ritt som det næraste reint geografisk.
Postvegrittet går av stabelen laurdag 6. August 2011, medan Birken er 27. August 2011.