TAP MOT TORNADO MÅLØY

Under ufyselege verforhold på Refvika vart vi som venta eit nummer for små mot Tornado Måløy og tapte 4-0 i onsdagens NM-kamp.
Vi heldt nullen i over ein omgang, men fekk trøbbel i motvinden i 2.omgang.La det vere sagt med ein gong; Tornado Måløy vann ein fullt fortent siger og var det klart beste laget. Likevel er vi tilbøyeleg til å vere fornøgde på forblåste Refvika.

Medan vi har slete med ubrukelege treningstilhøve har Tornado Måløy trent to veker på gras og var dermed mykje betre førebudde på underlaget.

Med tanke på at vi mønstra 5 debutantar og 3 av desse enno ikkje er konfirmerte må vi vere fornøgde med at vi greidde å halde nullen i nesten ein time på bortebane mot ein av favorittane i divisjonen over oss.

Spelarane fortener skryt for heilhjarta innsats og utfrå rapportane frå Refvika trekker vi spesielt fram Christopher Skadal som debuterte med ein solid kamp.

Det vart sjølvsagt tungt utover i 2.omg i sterk motvind, men alt i alt ein del positivt å ta med seg inn mot serieopninga mot Førde 2 måndag 18. april.

Kampfakta, 1.kval. runde i NM

Tornado Måløy – Dale 4-0 (0-0)
Refvik stadion

Mål:
1-0 54 min. Endre Kupen
2-0 57 min. Mads Wie
3-0 82 min. John Martin Giil
4-0 83 min. Mads Wie

Gult kort: Tomasz Gryszun, Tornado Måløy

Raudt kort: Tore Rylandsholm, Tornado Måløy

Dommar: Robert Endestad, Tempo

Lagoppstilling:
Tor Ivar Aase Dale, Christopher Skadal, Martin Myklebust, Geir Loneland, Eirik Svorstøl, Runar Aune, Martin Tonning, Einar Aase, Kristian Ask, Henrik Kummeneje, Vegard Dyrstad

På benken:
Simen Stølen (for Martin M. i 46. min), Kristian Aase (for Henrik i 64. min), Asjab Muskadzjijev (for Einar i 72. min)