Jentelaget møtte Tambarskjelvar til kamp på kunstgraset i Dale mandag kveld. Dale tok initiativet og gjekk tidleg opp i leiinga 1-0.Utover i omgangen var Dale best, og produserte sjansar utan å få god uttelling. Til pause var stillinga 4-1.
2. omgang var stort sett spel mot eitt mål og Dale dominerte spelemessig. Sluttresultatet vart heile 11-3.
Høgdepunkta var kanskje Kjerstin og Ingrid H som la kvart sitt langskot i vinkelen 🙂
I dag storspelte:
Rebecca, Kjerstin (1), Ota (1), Kristiane (2), Eivor (1), Silje (1), Guro, Amalie, Ingrid N (3) og Ingrid H (3).
Sporty innsats av Rebecca som stod i mål ei omgang.