Etter den oppløftande kampen mot Vik sist helg kom vi ned på jorda borte mot Lærdal på laurdag. Vi leverte ei svak førestilling og tapte 3-1 etter 0-0 ved pause.Etter ein jamn 1.omgang hadde vi god tru på poeng, men etter ei tidleg Lærdal-scoring etter pause klappa vi saman og var aldri i nærheita av å hente inn igjen leiinga.
Vi stilte rett nok med eit redusert mannskap i denne kampen, men likevel var dette altfor svakt frå vår side. Lærdal var ikkje betre enn at vi på ein normal dag greit burde ha fiksa dette.
Kampfakta, 4.divisjon
Lærdal – Dale 3-1 (0-0)
Lærdal stadion
Mål:
1-0 48 min. Joakim Moen
2-0 59 min. Sjur David Rio
3-0 62 min. Kristen R. Aarethun
3-1 81 min. Alexander Myklebust
Gule kort: Martin Myklebust, Dale og eit til Lærdal
Dommar: Joar Vefring, Tambarskjelvar
Lagoppstilling:
Vegard Ulvik, Martin Tonning, Alexander Myklebust, Eirik Svorstøl, Geir Loneland, Jonas Døving Nordal, Henrik Kummeneje, Einar Aase, Simen Stølen, Kristian Aase, Jan-Anders Tonning Wichstrøm
På benken:
Martin Myklebust (for Henrik i 55. min), Christopher Skadal (for Einar i 75. min), Asjab Muskadzjijev (for Simen i 75. min)